Bestillingsportal for elev-PC vg1 2018/19
Portalen er nå stengt.
Her får du høve til å skaffe deg ein ny PC til skulestart. Sogn og Fjordane Fylkeskommune subsidierer maskina slik at den blir rimlegare for deg å kjøpe.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har avtale med Atea om levering av PC til elevar som startar i Vg1 i den offentlege videregåande skulen i Sogn og Fjordane. Du kan berre kjøpe ei maskin gjennom denne ordninga. Alle bestillingar vert kontrollert mot søkarlister til skulane. Dersom du ikkje har rett til å bestille gjennom ordninga vert ordren avvist.
Modellane i ordninga vert produsert på bestilling. Det er difor ein del leveringstid på maskinene.
For å sikra levering før skulestart, må difor bestilling utførast innan 27. juli 2018.
Ein kan nytte seg av ordninga etter denne datoen (heilt fram til 30. november 2018), men om de bestiller etter veke 30 er det ingen garanti for at eleven har maskina før skulestart. Dersom de bestiller etter denne fristen, eller dersom de vel å ikkje nytte ordninga, er de sjølve ansvarlege for at eleven stiller med ei berbar datamaskin til første skuledag. Dette er viktig, då alle elevar skal registrere seg digitalt, laste ned programvare dei treng, og få opplæring i systema som skulen nyttar.
Modellar
Grunnmodellen kan nyttast på alle utdanningsprogramma og er god nok til dagleg skulebruk. Ein kan også velje ein kraftigare PC.
På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som kun fungerer på Windows. For mange elevar vil PC difor vere det beste alternativet.
Les alt om ordninga på www.sfj.no/elevpc
(Denne bestillingsportalen støttar diverre ikkje bruk av nettbrett.)